Ei historie om å sove i timen.

I Hardanger har folkelege protestar ført til at 45 meter høge master i ei kraftgate har blitt sett på dagsorden. Og regjeringa har blitt pressa til å utrede sjøkabelalternativ.

På Jæren har eit kraftutbyggingsprosjekt vekt mykje mindre merksemd. Her skal det byggast eit vindkraftverk med 32 møller. Kvar mølle har ei navhøgd på 80 meter, og ein rotordiameter på 93 meter. Bygginga starta i april 2010, og skal levere straum tilsvarande 11500 hus.

Å bygge miljøvennleg energi er i seg sjølv uproblematisk. Det alvorlege er at alle parti frå Raudt til Frp appluderer prosjektet slik det vart lagt fram, så godt som utan eit einaste krav. Tanken er at lufta og vinden er for alle.

Dette liknar på det som skjedde på slutten av 1800-talet. Då starta spekulantar å kjøpe opp fossefall og utvinnbare fallrettar frå grunneigarar. I Norge var fallrettane i privat eige i motsetnad til resten av Europa. Der var staten den store eigaren.

Denne spekulasjonen i kjøp og sal av fallrettar hadde sin bakgrunn i den profitten som ville komme i kjølvatnet av elektrifiseringa av landet. Den tidlege fasen av kraftutbygginga var prega av at utanlandske kapitalistar eigde 3/4 av fossane som blei bygd ut.

For å motverke det sytte det norske borgarskapet for at vi fekk konsesjonslovene av 1909. Der blei det slått fast at heimfall til staten skulle sikre at private fallrettar etter 60 år skulle få statleg eigarskap. Nå står vi foran eit tidsskille, og diverre ser det ut til historia frå slutten av 1800-talet gjentek seg. Nå er det ikkje vatn, men vind som er ressursen. Også den er som kjent fornybar, og det vil falle profitt på den som spekulerer.

Vindkraftverket på Jæren skal drivast av Jæren Energi. Dette namnet tilslører sanninga. Jæren Energi er eigd av Eurus Energi Europa BV (66 %), Norsk Vindenergi AS (17 %) og Norsk Vind Pro AS (17 %). Begge dei to siste selskapa har betydeleg innslag av utanlandsk kapital, mellom anna tysk.

Jæren Energi, med eit innslag av 80 % utanlandske interesser ser sjølvsagt stor profitt i det fjerne. Og når dei får 511 millionar i statleg støtte frå Enova, ser framtida lovande ut for kapitalen. Vi kan slå fast at Jæren Energi er eit skalkeskjul for utanlandske kapitalistar som vil håve inn ein profitt på å utnytte ein norsk naturresurs.

Tida er moden for å stille krav. Grunnlaget for for norsk kraftpolitikk frå 1909 var nasjonal kontroll.

Men EØS-tilknytninga har endra på dette, no er det marknadsliberalismen som rår.

Men krava bør minimum vere:

  • Heile energilova må endrast til fordel for folk og arbeidsplassar.
  • Kraftpolitikken må vere tufta på nasjonal kontroll.
  • Heimfallsretten må gjelde uinnskrenka og stå over EU-rett.
  • Naturvernhensyn må vege tungt.

Dette er enkle og realistiske krav, og ville neppe ryste borgarskapet. Men likevel ser det ut som alle partia søv i timen. På den same puta ligg óg parti som i festtalar (internt) kallar seg revolusjonære. Det er ekstra ille, og det viser at det er kun arbeidarklassas frigjering som kan sikre at store naturressursar bli utnytta til folkets beste.

Tjen folket Media

Arkiv

Nye nettsider kom på plass tidlig i 2019, dette er arkivsiden til Tjen Folket Media.
Merk, det kan forekomme noe utdatert informasjon og feil.