Den flytande miljøbomba Puma gjekk på grunn utanfor Sørøya ved Hammerfest laurdag kveld.

Dette skipet kan framleis utløyse ei gigantisk katastrofe. Fullasta med atomavfall frå Slovenia har Puma passert norskekysten med kurs for Murmansk. Her skal avfallet fraktast med tog til atomanlegget Majak.

Her blir uranbrensel frakta med eit vanleg dansk lasteskip. Ei ulykke ville være som eit lite Tsjernobyl. Og kva gjer den norske regjeringa? Som venta ingenting. Dei foldar hendene sine og viser til at skipet er i internasjonalt farvatn. Denne transporten er eit tydeleg resultat av at kapitalismen har gjort alt til handelsvare. Atomavfall gjev nemleg óg profitt.

I utgangspunktet er det ein uskuldig liten dansk lastebåt, men den viser likevel ein del av den miljøkrisa vi idag er midt oppe i. Skal vi redde kloden må vi kvitte oss med kapitalismen. I jakta på superprofitt har kapitalistiske monopolgrupper innført produksjonsanarki. Dei tek berre eigne omsyn og bryr seg lite med kor det går med folk, med skadelege stoff som forgiftar og ureinar miljøet.

I dei siste åra har USA og Vesten truga både Iran og Nord Korea med krig dersom dei ikkje slutta å anrike uran. Vi blir bombardert om kor farleg denne situasjonen er. Dette er stoff som kan brukast til å framstille atomvåpen. Men det kan også gifta på den danske båten brukast til. Men her er ikkje krava så strenge, fordi det er dei etablerte atommaktene som står bak.

Trass alt er transporten med Puma eit resultat av ein avtale mellom Russland og USA, Global Threat Reduction Initiative. Vi stiller oss bak kravet frå Europas miljørørsle: Ikkje la atomavfall bli ei handelsvare som blir frakta Europa rundt. Det tryggaste er at det blir lagra der det er blitt brukt.

Så nokre tileggsopplysningar om “miljøbomba”:

Denne båten “Puma” fraktar atomavfall frå Slovenia til Murmansk. Norges Naturvernforbund blei varsla om transporten av sin russiske søsterorganisasjon Zelënyj Mir (Grøn Verd). Naturvernforbundet sendte så brev om denne transporten vidare til Kystovervåkingssentralen den 3. desember.

Her blir det peika på at lasta er på 333 tonn høgradioaktiv brenselstavar frå ein serbisk reaktor. Skipet “Puma” er ein tørrlastebåt eigd av det danske rederiet Thor Shipping. Den er ikkje spesialbygd for denne type transport.

Så til samanlikninga med Tsjernobyl:

Skal vi få eit liknande scenario, må vi få ei nedsmelting av lasta og utslepp til luft. Dette kan berre skje ved ein storbrann ombord i båten. Lite sannsynleg, men like fullt mogeleg. Hugs at Naturvernforbundet peikar på at båten ikkje er spesialbygd for denne typen transport.

Men båtar kan gå på grunn, og radioaktiv lekaksje til sjø er óg alvorleg. Norskekysten er trass alt eit viktig matfat for Europas folk.

Tjen folket Media

Arkiv

Nye nettsider kom på plass tidlig i 2019, dette er arkivsiden til Tjen Folket Media.
Merk, det kan forekomme noe utdatert informasjon og feil.