Jernbanen mellom Stavanger og Egersund, Jærbanen, blei bygd i perioden 1874-1878. Så i 2009 var det ein ny milepæl då dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes blei opna, med sprudlande champagne og veltalande representantar for borgarskapet.

Men kva har så Jærbanen med bolsjevikrevolusjonen i Russland å gjere? Ikkje så reint lite skal vi tru dei historiske fakta. Neppe pensum i dagens skule, men allikevel:

Nitti år før dobbeltsporet blei opna, 21. juli 1919, kom ei stor folkemengde inn på Stavanger stasjon. Dei marsjerte under raude flagg, og sette seg rett ned i skinnegangen. Parolen var: Gjenopprett diplomatiske forbindelser med bolsjevikregjeringen.

Aksjonen var ei lekkje i ein tillyst landsomfattande generalstreik i sympati for det nye Russland. Men det var kun i Stavanger den var effektiv. I tillegg til at jernbanen blei stoppa, var det óg ein effektiv blokade av havna.

Leiar for aksjonen var den eksentriske Adam Egede-Nissen. På den var han tida postmann og ordførar i Stavanger for Arbeidarpartiet, og samstundes ein varm forsvarar for proletariatets diktatur.

Som ordførar hadde han reist til Russland og møtt Lenin. Difor syntes han at det var naturleg at han som ordførar skulle stille seg i spissen for generalstreiken i byen og slik blei det.

Borgarskapet i Stavanger var rysta, makta var trua. Byen som var kjend for bibel, misjon, sjøfart og brisling var på randen av revolt. Noko måtte gjerast. Stavanger Aftenblad kalte dei streikande “mindreverdige individer og barn”. Og “alle viste seg å være tidlegere straffede personer, innbruddstyver og lignende”.

Og reaksjonane utanfor det verbale lot heller ikkje vente på seg. Alle aviser innførte annonseboikott mot alt som lukta av venstreradikal aktivitet. Og ordførar Adam Egede-Nissen fekk ei bot på 200 kroner, ein stor sum etter datidas målestokk. Helst hadde regjeringa og borgarskapet sett at han hadde havna på vatn og brød, men populariteten hans redda han.

Dei aksjonerande var ikkje snauare . Dei sendte like godt eit telegram til statsminister Gunnar Knudsen:

Arbeiderne i Stavanger, som i dag har lagt alt arbeidsliv i byen øde, har stoppet dampskips og jernbanetrafikk samt telefon, sender regjeringen sin hilsen – som en PÅMINNELSE.

For vår del vil vi gjerne minnast Adam Egede-Nissen. I tillegg til fleire lokale verv sat han på Stortinget for tre ulike parti, Venstre, AP og NKP.

Men han var trufast mot dei kommunistiske ideala sine heile livet. Moralen for andre bør vere: Jamvel om kapitalismen synest som ein uovervinneleg kjempe, kan ting veldig fort snu. Stavanger 1919 er sjølvsagt ei anna tid, men den viser at veien frå bibel og børst til proletariatets diktatur ikkje treng å vere så lang. Difor må vi aldri legge det raude flagget på loftet. Sjå deg rundt i verda, vi treng det kvar dag.

Tjen folket Media

Arkiv

Nye nettsider kom på plass tidlig i 2019, dette er arkivsiden til Tjen Folket Media.
Merk, det kan forekomme noe utdatert informasjon og feil.