I dag er det årsdagen for skipinga av Sovjetunionen – kring fem år etter den store oktoberrevolusjonen.

Den første reaksjonen frå imperialistane på revolusjonen i Russland og freistnaden på å danna eit sosialistisk samfunn var å kasta seg over staten og invadera han. Alle motsetnader frå den fire år lange storkrigen vart då lagt til side for å knusa arbeidarklassen sin eigen stat.

Fjorten land deltok på sida til dei kontrarevolusjonære i borgarkrigen som starta etter revolusjonen. Lengst fra i rekka stod Storbritannia, Sambandsstatane, Japan og Frankrike. I Murmansk, berre nokre timar frå norskegrensa, oppretta britiske troppar under leiing av Winston Churchill konsentrasjonsleirar for revolusjonære. I Ukraina støtta invasjonstroppane lokale jødepogromar som tok livet av minst 15.000 jødar.

Likevel klarte arbeidarane og bøndene under Lenins leiing å stå mot. Framstøytane på å knusa verdas første arbeidarstat med militærmakt lukkast ikkje

Revolusjonen – frigjering for mennesket

Revolusjonen og opprettinga av arbeidarstaten skapte høve for menneskeleg frigjering. Dei få vart fråteke statsmakta og folkefleirtalet fekk styra staten. Under slagordet «Fred, brød og jord» vart dei første tiltaka gjort for å oppfylla dette. Russland vart trukke ut or storkrigen i Europa, ein innførte jordreformer og konfiskerte jord frå dei rike godseigarane og sette i gong å dyrka mat til folket.

Den talmessig lille arbeidarklassen fekk allereie frå første stunda betra sine vilkår. Som første landet i verda innførte ein åttetimarsdagen, noko som også inspirerte arbeidarklassen til å kjempa for dette kravet i Vest-Europa. Kvinnene fekk utvida rettar, røysterett, høve til å be om skilsmisse og sjølvbestemt abort vart lovfest.

Ein gjorde også store sosiale framsteg. Som første land i verda vedtok ein eit opplegg for alders- og sjukepensjon. Grunnlaget for velferdsstaten – som ein i dag tek for gjeve i mange land – vart lagt her på grunn av revolusjonen. Utøvarar innanfor sovjetisk biletkunst, musikk og måleri var mellom dei verdsleiande, og også innanfor det nye mediet film gjorde sovjetiske kunstnarar det skarpt. Staten la altså eit grunnlag for oppbløming av menneskeleg skaparkraft.

Frå fattig jordbrukssamfunn til verdsleiande industriland

Då Sovjetunionen vart oppretta for nitti år sidan, var samfunnet svært tilbakeliggjande. Dei fleste innbyggjarane var fattige bønder, levestandarden var svært låg og økonomien på bristepunktet. Det nye samfunnet satsa på tungindustri og på kollektivisering av landjorda.

Frå midten av tjuetalet og fram mot 2. verdskrigen auka produksjonen og velstanden formidabelt. Sovjetunionen vart – under Josef Stalin – til ei økonomisk og militær stormakt som kunne ta opp kampen med nazismen. Resten av verda gjekk inn i krise og depresjon på tredvetalet – Sovjetunionen unngjekk dette sidan dei ikkje var ein del av den kapitalistiske og imperialistiske verdsøkonomien.

Tjen folket Media

Arkiv

Nye nettsider kom på plass tidlig i 2019, dette er arkivsiden til Tjen Folket Media.
Merk, det kan forekomme noe utdatert informasjon og feil.